ISLEX - ordboka
Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar

Om ISLEX

ISLEX er eit fleirspråkleg ordboksverk på nettet med islandsk som kjeldespråk og svensk, norsk (bokmål og nynorsk) og dansk som målspråk. ISLEX er eit samarbeidsprosjekt mellom fire institusjonar på Island, i Sverige, Noreg og Danmark. Dette er Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar (SÁ) i Reykjavik, Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i København, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen og Institutionen för svenska språket ved Göteborgs universitet. Fróðskaparsetur Føroya ble samarbeidspartner i 2011, og det satser på å åpne den islandsk-færøyske ordboka mot slutten av 2012.

Den islandske redaksjonen har ansvar for kjeldespråket og for utforming og utvikling av databasen til ISLEX. Målspråksredaksjonane tek hand om og har ansvar for omsetjingane til kvart av sine språk.

Arbeidet med ISLEX-prosjektet tok til i 2005, og første versjon av ordboka blei opna i november 2011. I redaksjonsarbeidet vert det nytta ein nettbasert database som er utvikla spesielt til dette prosjektet, og som sikrar at det går an å arbeida med ordboka i alle dei fire landa på same tid. ISLEX utnyttar det digitale mediet, og mange av artiklane vert illustrerte av bilete, animasjonar og lyddøme. Ved alle ord som kan bøyast, vert det vist til fulle bøyingsparadigmer gjennom ei lenkje til prosjektet Beygingarlýsing íslensks nútímamáls, som også vert drive hjå SÁ.

ISLEX-ordboka er den fyrste digitale ordboka som knyter saman fleire av dei nordiske språka. Ho inneheld sirka 50 000 oppslagsord med omsetjingar. Ordboka tek utgangspunkt i moderne islandsk, og det vert lagt vekt på å visa eit variert utval av idiom, kollokasjonar og døme. Alle desse vert omsette til målspråka.

Heimesida til prosjektet opnar for ulike søkjemåtar, ein kan mellom anna velja om ein vil få omsetjingane på eitt eller fleire målspråk samstundes. Dermed får ein både innsyn i samanhengen mellom islandsk og eit særskilt målspråk og oversikt over den innbyrdes samanhengen mellom dei skandinaviske språka.

ISLEX skal stetta krava til ulike brukargrupper. Som islandsk-skandinavisk ordbok skal ho oppfylla krava til svenske, norske og danske brukarar, mellom anna til omsetjing frå islandsk og når skandinavar skal lære islandsk. Dessutan vil islandske brukarar ha nytte av henne når dei skal uttrykkja seg på eit skandinavisk språk.

ISLEX er eit viktig bidrag til å styrkja dei kulturelle banda og auka språkforståinga mellom dei nordiske landa. Det vert reflektert i finansieringa og anna støtte frå styresmakter og nordiske fond til prosjektet.



Samarbeidspartnarar

Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
Det Danske Sprog- og Litteraturselskab
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen
Institutionen för svenska språket, Universitetet i Göteborg
Fróðskaparsetur Føroya

Topp

Medarbeidarar

Island
  • Þórdís Úlfarsdóttir, hovudredaktør
  • Halldóra Jónsdóttir, prosjektleiar og redaktør
  • Jón Hilmar Jónsson, leksikografisk spesialist
  • Gunnlaugur Ingólfsson, redaktør (inntil 2010)
  • Ágústa Þorbergsdóttir, redaktør (inntil 2010)
  • Aðalsteinn Eyþórsson, redaktør (inntil 2007)
Dessutan:
  • Guðrún Kvaran
  • Ásta Svavarsdóttir
Danmark
  • Aldís Sigurðardóttir, redaktør
  • Liisa Theilgaard, redaktør (2008 - 2010)
  • Lars Trap-Jensen, prosjektleiar
  • Kjeld Kristensen, prosjektleiar
Noreg
  • Margunn Rauset, redaktør
  • Helge Sandøy, prosjektleiar
  • Þorsteinn G. Indriðason, prosjektleiar
  • Kjersti Lea, redaktør (inntil 2010)
  • Ragnhild Svellingen redaktør (inntil 2009)
  • Tone Myklebost, redaktør (frå 2011)
  • Silje Beite Løken, redaktør (frå 2011)
  • Astrid Kjetså, redaktør (frå 2011)
Sverige
  • Anna H. Hannesdóttir, prosjektleiar og redaktør
  • Håkan Jansson, redaktør
  • Ylva Hellerud, redaktør
Færøyane
  • Carl Jóhan Jensen, redaktør
  • Þóra Þóroddsdóttir, redaktør
  • Jógvan í Lon Jacobsen, prosjektleiar
  • Zakaris Hansen, prosjektleiar
Medlemmar av styregruppa
  • Guðrún Kvaran, Reykjavík
  • Jón Hilmar Jónsson, Reykjavík
  • Jørn Lund, København
  • Helge Sandøy, Bergen
  • Þorsteinn G. Indriðason, Bergen
  • Bo Ralph, Göteborg
  • Jonhard Mikkelsen, Færøyane


gruppen
ISLEX medarbeidarar og medlemmar av styregruppa.

Topp

Støtta av:

Nordplus SprogNordplus Sprog
Nordisk KulturfondNordisk Kulturfond
Nordisk KoordinationNordisk Koordination
Baugur GroupBaugur Group
Fondet for Dansk-Norsk Samarbejde
Letterstedska FöreningenLetterstedska Föreningen
Fondet for Dansk-Islandsk Samarbejde

Dansk-Islandsk fond
Landsbanki ÍslandsLandsbankinn
LandsvirkjunLandsvirkjun


Topp