|
ISLEX
- ordboka
Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar
|
||
|
Bilete
Ordet vårt denne veka
Velkommen til ISLEX - ei gratis nettordbok frå moderne islandsk til dansk, norsk (bokmål og nynorsk) og svensk. ISLEX er eit samarbeidsprosjekt mellom institusjonane Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar i Reykjavik, Island, Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i København, Danmark, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, Noreg, og Institutionen för svenska språket ved Göteborgs universitet, Sverige. Fróðskaparsetur Føroya slutta seg til prosjektet i 2011, og planen er at den islandsk-færøyske ordboka skal opnast i løpet av 2013. Ein redaksjon ved Finska, finskugriska och nordiska institutionen ved Helsingfors universitet starta i januar 2013 arbeidet med ei islandsk-finsk ISLEX-ordbok. Den islandske redaksjonen har ansvar for kjeldespråket og for utforming og utvikling av databasen til ISLEX. Redaksjonane i dei andre nordiske landa har ansvar for kvart sitt målspråk. Dette er første versjonen av ordboka; alle oppslagsord og faste uttrykk er omsette til norsk, men det står att å omsetje bruksdøma i ein del artiklar. Ønskjer du å få omsetjingane på bokmål i staden for nynorsk, trykkjer du på fana Norsk bokmål rett over søkjefeltet. Då kan du òg søkja på ord på bokmål. Ordet vårt denne vekaUndervisningsmateriale utarbeidd av Flensborgarskólinn |
||